Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Kven kan søkje om kvalifiseringsprogrammet?
Du kan søkje om plass i kvalifiseringsprogrammet, dersom du
Kva er kvalifiseringsprogrammet?
Du og din rettleiar samarbeidar for å finne ut kva slags hjelp du treng for å kome i arbeid. Saman utarbeidar de eit program som skal innehalde arbeidsretta tiltak, opplæringsaktivitetar, individuell oppfølging og rettleiing. Du får ansvar for å følge opp programmet i samarbeid med rettleiaren din ved NAV-kontoret.
Kvalifiseringsprogrammet er på fulltid og utgjør 37,5 timar i veka. Som inntekt får du utbetalt kvalifiseringsstønad tilsvarande to gonger Folketrygdens grunnbeløp. Deltakarar under 23 år mottek 66% av full stønad. Du kan også få bustønad og barnetillegg.
Stønaden er skattepliktig.
Korleis søkje om kvalifiseringsprogrammet?
Ta kontakt med NAV Aukra for å søkje om plass i kvalifiseringsprogrammet.
Publisert 06.02.2023 10.33
Sist endra 12.02.2024 13.27