BustønadBustønad er for personar som har låg inntekt og store buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om ordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.Kven kan få bustønad?På Husbanken si heimeside får du informasjon om desse tre punkt:kven som kan få bustønadkva krav som gjeld for bustadeninntektsgrenserDu kan og prøve bustønadkalkulatoren.Korleis søke om bustønad?Du søker om bustønad på Husbanken si heimeside. Her finn du både informasjon om innlogging og tilgang til e-søknad og søknadsskjema på papir. Det er mogleg å lagre søknaden dersom du ikkje blir ferdig med utfylling og skal fortsette seinare.Dersom du får innvilga bustønad, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din automatisk overført til neste månad.Du vil få beskjed i tilfelle du må søke på nytt.Søknadsfrist for søknad om bustønadSøknadsfrist er den 25. i kvar månad.Kor lang tid tek det?Utbetaling skjer ca. den 20. i kvar månad etter at du har søkt. Du vil få eit vedtaksbrev frå Husbanken.Meld frå om endringarDu har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.Les meir om korleis du melder frå om dei forskjellige type endringar på Husbanken si heimeside.Meir informasjon om bustønadDu finn meir informasjon om bustønad på Husbanken si heimeside.Klage på vedtak om bustønadDersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker etter du fekk vedtaket. Du finn meir informasjon om korleis du klager på vedtak om bustønad på Husbanken si heimeside.Regelverk for bustønadLovar og reglar Publisert 01.10.2018 12.59 Sist endra 21.10.2024 14.37