Månadleg faktura for kommunale avgifterDu kan velje å motta månadleg faktura for kommunale avgifter i staden for fire gonger per år. Du kan sende inn melding om månadleg faktura når som helst, og det vil gjelde frå månaden etter at du har søkt.Som standard får du 4 faktura per år for kommunale avgifter på følgjande hovudterminar:1. termin - med forfall mars2. termin - med forfall juni3. termin - med forfall oktober4. termin - med forfall desemberDu vil få faktura kvar månad frå og med tidspunktet for neste hovudtermin etter at du har søkt om månadleg faktura.Månadleg faktura - kun digitaltDersom du ønskjer månadleg faktura, kan du ikkje ha papirfaktura (blankett). For å kunne bruke månadleg faktura, må du motta faktura digitalt gjennom ein av desse løysingane:eFakturaAvtaleGiroDigital Postkasse E-postVippsDu kan ordne digital faktura i din nettbank.Har du kommunale avgifter på under/ca. tusen kroner per år, vil vi sende ut berre ein faktura per år - denne fakturaen vert sendt i slutten av februar kvart år, med forfall i mars.Dine avgifter på MinSidePå MinSide får du informasjon om dine fakturaer, dine skjema og din eigedom.Send inn melding om månadleg fakturering Publisert 07.02.2020 09.54 Sist endra 25.09.2024 14.27