Krav om tilsendt faktura i EHF-format

Du må sende faktura og kreditnota til Aukra kommune i EHF-format.

Informasjon om sending av faktura eller kreditnota

  • Vår fakturaadresse er vårt organisasjonsnummer 964 981 337 og aksesspunktet vårt er Nets
  • Du må legge inn ei fakturareferanse, sjå også under avsnittet Fakturareferanse lengre ned
  • Bestillar sitt namn og/eller eining skal kome fram på fakturaen
  • Eventuelle vedlegg må følgje fakturaen i EHF
  • Vi ønskjer betalingsfrist på 30 dagar
  • Faktura sendt via e-post reknast ikkje som elektronisk faktura og vert ikkje godteke. Det er berre i særskilte tilfelle at vi godtek faktura eller kreditnota på e-post eller i papirformat. Du må då sende e-posten til fakturamottak@aukra.kommune.no med vedlagt faktura eller kreditnota i pdf-format. Papirfaktura sender du til kommunen si postadresse. Du må likevel merke faktura/kreditnota med namn på den personen i kommunen som har bestilt vara/tenesta.

Dersom vi seinare må returnere faktura grunna feil format, vil dette føre til meirarbeid og forsinka betaling frå oss. Rentebelasting grunna sein betaling vil då ikkje bli akseptert. Krav om tilsendt faktura i EHF-format gjeld og alle einingar i Aukra kommune (helse/skoler/barnehage osv.)

Fakturareferanse

Du må merke di faktura eller kreditnota med referanse. Kravet om referanse skal sikre at faktura/kreditnota kjem til rett mottakar i kommunen. Dersom du sender ditt krav utan referanse, vert faktura/kreditnota sett på vent, og du vil få ein e-post der du vert bedne om å oppgje referanse.

Kvifor ønskjer vi betalingsfrist på 30 dagar?

Aukra kommune ønskjer at betalingsvilkår minimum skal vere 30 dagar. Vi må behandle alle fakturaer forsvarleg. Fleire tilsette på einingane går gjennom faktura for kontering, attestering og anvisning før ho vert sendt tilbake til økonomiavdelinga for betaling. Sjølv om kommunen legg vekt på rask og effektiv behandling, vil det på grunn av behandlingstid ofte gå minst 15 dagar frå fakturamottak til faktura vert godkjent og betalt. Kommunen vil difor ofte få ei utfordring med å overhalde betalingsfristen når den er kortare enn 30 dagar.

Kontakt

Ina Terese Sletnes
Økonomikonsulent
E-post
Mobil 90 25 39 87
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra