Heilskapleg risikovurdering

Vedteke i kommunestyret 20.03.2025, PS 21/25

Om risikoanalysen

I november 2024 blei det gjennomførd ein revisjon av Aukra kommune sin risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) frå 2019. Medrekna har revisjonsprosessen omfatta kartlegging, systematisering og vurdering av sannsynlegheit og konsekvens av uønskte hendingar, og korleis desse påverkar kommunen og kommunen sine tenester. 

Plassering av uønskte hendingar i ei risikomatrise inneber at kommunen tek stilling til (ytre seg) om risikoforhold i kommunen slik at nødvendige tiltak blir identifiserte og prioritert. Ein ferdig ROS- analyse er eit levande styringsdokument, som gir grunnlag for det vidare arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Aukra kommune. 

Føresetnader og avgrensingar

Risiko- og sårbarheitsanalysen byggjer på følgjande føresetnader og avgrensingar:

  • Analysen er overordna og kvalitativ (grovanalyse), og vurderer systematisk dei geografiske områda til kommunen og verksemder med utgangpunkt i historiske data
    (statistikk over hendingar og ulukker mv), framtidige berekningar/trendar (t.d. framskriving av framtidige klimaendringar) og fagleg skjønn.
  • Den er avgrensa til temaet samfunnstryggleik, slik dette er beskrive av DSB.
  • Analysen er avgrensa til å ta for seg hendingar av eit slikt omfang at den kan krevje førebyggjande og/eller skadeavgrensande tiltak frå kommunen sin leiing, eller at fleire sektorar i kommunen kan bli involverte i handteringa.
  • Analysen byggjer på gjeldande dokumentasjon om dagens tilstand i Aukra kommune, i tillegg til kommunen sine planar om framtidig utvikling. 
  • Analysen omfattar konsekvensområda liv og helse, ytre miljø, materielle verdiar/samfunnsverdi og stabilitet. 
  • Dersom det i denne analysen blir forhold avdekt som krev ytterlegare detaljerte analysar, vil kommunen følgje opp dette. 
  • ROS-analysen skal oppdaterast i takt med revisjon av kommunedelplanar, og elles andre endringar i risiko- og sårbarheitsbildet i området og nasjonalt.

Geografisk avgrensing og skildring

Aukra kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal fylke. Kommunen har eit areal på 59,07 km² og eit folketal på om lag 3800. Øya Gossen utgjer det største arealet og blir skilt frå den mindre fastlandsdelen i Julsundet. Ca. 1 200 bur på fastlandsdelen til kommunen. Det er ferje som utgjer sambandet mellom fastlandsdelen og øya. Frå 1. januar 2020 blei øya Orten ein del av Aukra kommune. Aukra grenser til kommunane Ålesund, Molde og Hustadvika. 

Nyhamna på Gossen er ilandføringsstad for gassen frå Ormen Lange og Polarled. Dette er eit av Nord-Europas største gassterminalar og har gassleveransar til Storbritannia samt andre land i Europa. I tillegg til Nyhamna er andre næringsområde i kommunen landbruk, entreprenør og fiskeindustri og skipsbygging. 

Aukra kommune har to kommunale barnehagar: Barnebo barnehage på Gossen og Bergetippen barnehage i Julsundet.  Aukra kommune har to barne- og ungdomsskolar: Gossen barne- og ungdomsskole er skole for elevane på Gossen. På fastlandet ligg Julsundet skole, som har elevar frå 1 -10 klasse. Det er samarbeidsavtale med Hustadvika kommune om ungdomsskuleelevar til Julsundet skule. 

Aukra omsorgssenter har 30 bebuarrom og 20 omsorgsleilegheiter. Bergtun bufellesskap har 9 bustader og er eit heildøgn sine omsorgstilbod. Heimetenesta omfattar ca. 100 heimar og har ansvar for tryggleiksalarmane. 

Du kan lese heile risikoanalysen ved å klikke på denne lenka (PDF, 2 MB)

Kontakt

Geir Janos Göncz
Kommunalsjef samfunnsutvikling
E-post
Mobil 97 98 79 09