LogopedKva tilbyr vi av logopedtenester?Logopeden gjev hjelp til førskolebarn og elevar frå 0-16 år med:UttalevanskarSpråkvanskarTaleflytvanskar (stamming og løpsk tale)Lese- og skrivevanskar (dysleksi)Logopeden kan hjelpe med åRettleie foreldre eller personalet i barnehage og skoleGi barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiingHjelpa kan barnet få i heimen, på skolen, i barnehagen eller hos logopeden.Kartleggje for ei eventuell vidare tilvisingBarn som har ein eller fleire av vanskane ovanfor kan bli vist til logoped. Aukra kommune kan kjøpe logopedteneste frå Tøndergård skole i Molde i tillegg til at vi har ei 40% stilling logoped tilsett i kommunen.Dersom Tøndergård ikkje kan imøtekomme søknaden, og den kommunale logopedressursen ikkje kan hjelpe, kan ein i særskilte høve vise til privat logoped.Slik går du fram ved tilvising til logopedForeldre/føresette, barnehage, skule eller behandlar kan vise barnet til logoped. Føresette må samtykkje i tilvisinga.Kontaktinformasjon:SkoleBarnehagePedagogisk rådgjevarPPT Publisert 04.07.2018 10.41 Sist endra 11.03.2025 13.36