Informasjon om barnehageplass

Aukra kommune har to opptak per år: 1. februar og 15. august. 

Søknadsfrist barnehageplass

Fristane for å søkje opptak er:

  • 1. mars for hovudopptaket 15. august og 
  • 1. september for opptaket 1. februar. 

Ved opptaket i februar vert det tildelt plass til barn som blir eitt år innan utgangen av februar det året, dersom barnehagen har kapasitet.

Du kan søke om barnehageplass heile året, men då får barnet plass når barnehagen har ledig kapasitet. Du kan søke om barnehageplass maksimalt eitt år før ønskt oppstartsdato.

Når har barnet rett til barnehageplass?

  • Barnet har rett til plass dersom barnet bur i kommunen, har fylt 1 år innan utgangen av november det året du søker plass frå, og har søkt innan fristen for hovudopptaket.
  • Dersom barnet vert 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august.
  • Dersom barnet fyller 1 år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født.
  • Når barnet har fått barnehageplass, har barnet rett på plassen fram til skolestart.

Venteliste

Kva kostar ein barnehageplass?

Foreldrebetaling barnehage frå august 2024
Full plass (100%) 4 dagar i veka (80%)
1 500 kr 1 200 kr

Les meir om søskenmoderasjon og redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid.

Slik søker du barnehageplass

  • Logg inn på føresettportalen i Visma Barnehage og fyll ut søknadsskjemaet om barnehageplass. Du logger deg på med ID-porten.
  • Du må velje kva tilbod du søker på.
  • Du kan søkje om barnehageplass maksimal eitt år før ønskt oppstartsdato.

Søk om barnehageplass

Når får du svar på søknaden om barnehageplass

  • Når søknaden er sendt inn, får du ein e-post om at søknaden er mottatt.
  • Vedtak om barnehageplass kjem til deg i føresettportalen i Visma. Du må logge inn på same måten som når du har søkt om plassen.
  • Du må svare i føresettportalen i Visma om du tek i mot plassen.
  • Svar på søknaden får du i mars/april og september/oktober i søknadsåret.

Eg vil gjere endringar med barnehageplassen

Eg vil seie opp barnehageplassen

Kontaktinformasjon barnehage

Har du spørsmål om søknad om barnehageplass, kan du ta kontakt med vår pedagogisk rådgjevar Marianne Bolghaug. 

Ta kontakt med Marianne

Klage

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68

Opningstider

Barnehagane i Aukra

Måndag til fredag kl. 07.00 til 16.30