Årsplan Bergetippen barnehage

8 Tryggleikssirkelen i møte med barn

Vi brukar Tryggleikssirkelen (Circle of Security eller COS) som eit utgangspunkt  for korleis vi møter barn. I arbeidet med å skape gode relasjonar til kvart enkelt barn er denne sirkelen og teorien eit godt hjelpemiddel. 

Tryggleikssirkelen er ein modell utvikla for å sjå barnet sine behov og korleis vaksne kan tilfredsstille desse på ein god måte (Cooper, Hoffman og Powell i Brandtzæg, Torsteinson & Øiestad 2013).

Foreldreaktiv tilvenning

Vi vil at barna skal få ein god start på  barnehagelivet sitt og vi stoler på forsking som vektlegg foreldres betydning for at barnet skal finne ein god base for tryggleik og godheit i barnehagen. Foreldre er til stades med barnet i barnehagen den første tida. Dei er der for barnet når det vert stelt, når det et mat, søv og leiker. Tilknytningspersonen i barnehagen er saman med barnet og foreldra for å etablerer ei trygg tilknytning til barnet. 

Les meir om foreldreaktiv tilvenning på utdanningsforskning.no.

Tryggleikssirkelen

Tryggleikssirkelen illustrerer korleis vi vaksne kan vise godheit og skape tryggheit, korleis vi kan regulere barna sine kjensler og hjelpe til i leik og venskap. Den vaksne fungerer som ein base for tryggheit og støtte, noko som motiverer barnet til å utforske omgivnadane. Når barnet treng trøyst, omsorg og nærleik, fungerer den same vaksne som ei sikker hamn.

Foreldrekurs

Fem tilsette ved Bergetippen barnehage er sertifisert og kan gje COS-P rettleiing og kursing med føresette. COS-P står for Circle of Security-Parenting. Kvar haust tilbyr barnehagen gratis kurs for foreldre som ønskjer det. Tidlegare deltakarar har gitt gode tilbakemeldingar og anbefaler kurset for andre.