Årsplan Bergetippen barnehage

17 Trygg i overgangssituasjonar

Eit barn møter mange overgangssituasjonar i løpet av tida i barnehagen. Eksempel på overgangssituasjonar er når barna startar i barnehagen, når dei byter avdeling og når dei sluttar i barnehagen.

Overgangssituasjonar kan også være i daglege situasjonar som når barna kjem om morgonen, når dei skal sove eller når dei trygge vaksne ikkje er til stades.

Tilknytingssystemet til barnet blir særleg aktivisert i overgangssituasjonar. Vi veit at overgangssituasjonar er vanskelege, fordi barnet sitt nervesystem ikkje er ferdig utvikla. Barnet blir derfor meir uroleg og sårbart (Brandtzæg, Torsteinson og Øiestad, 2013).

For at barna skal føle seg trygg i overgangssituasjonane legg vi vekt på: 

  • Å gje barna tid
  • Tryggleik 
  • Faste tilknytingspersonar, ved oppstart og ved byte av avdeling

Vi brukar Tryggleikssirkelen  som eit hjelpemiddel i overgangssituasjonane.