Årsplan Bergetippen barnehage

15 Mangfald og gjensidig respekt

Barnehagen skal fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på. Samtidig skal barnehagen gi felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap. Barnehagen skal vise korleis alle kan lære av kvarandre, og fremje nysgjerrigheit og undring over likskapar og forskjellar.

Rammeplan for barnehagen side 9

I Bergetippen skal:

  • Alle barn kjenne at dei blir sett og anerkjende for den dei er
  • Vi synleggjer den enkelte sin plass og verdi i fellesskapet
  • Barna få kjennskap til grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon
  • Vi markere ulike merkedagar og høgtider frå religionane som er representerte i barnehagen
  • Vi synleggjer mangfaldet og ressursane vi har i barnehagen.
  • Vi lære nokre ord på dei ulike språka som er representert på avdelinga
  • Vi sjå på flagg frå dei ulike landa vi har i barnehagen