9 Livsmeistring, omsorg, leik og læring
Kapittelet fortel om korleis barnehagen jobbar med livsmeistring, omsorg, leik og læring. Sjå underkapitla nedanfor for å lese meir om kvart emne.
9.2 Omsorg
Omsorg, leik, læring og danning i småbarnsalderen formar barnet sine haldningar, verdiar og tillit til seg sjølv og menneska rundt seg. Hos oss skal alle barn motta eit variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø.
Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring.
Rammeplan for barnehagen side 19
- Omsorg er ein føresetnad for at barna sin trivsel
- Omsorgsfulle vaksne skal ha vilje og evne til samspel og trygg tilknyting
- Vaksne som lyttar, er nær og styrker barnet i å utvikle gode relasjonar, tillit til seg sjølv og andre
9.3 Leik
Leik gir livslyst og er heilt grunnleggjande for barna si oppleving av at livet er godt. Gjennom leiken bearbeidar barna ulike erfaringar og opplevingar, og leiken er deira sin måte å uttrykke seg på. Leik er ein arena kor relasjonar blir til. Ein ser også samanheng mellom psykisk helse og leik. I leiken møtes vi, utviklar oss og lærer ulike sider hos ein sjølv og hos andre.
Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur.
Rammeplan for barnehagen side 20
Vi i Bergetippen er gode på leik. Vi er leikeglade vaksne som tilbyr støtte for å komme inn i leik. Vi er gode på leikens utvikling og betydning og leikens eigenverd.
I tråd med at vi er ein Reggio Emilia-inspirert barnehage tilfører vi ny leikemateriell som ikkje nødvendigvis i utgangspunktet er meint for leik, men som gir fantastiske leikemoglegheiter. Bonusen er at desse materialane er gjenbruk, noko som er viktig for oss i vårt arbeid med berekraftig utvikling.
Barna treng ikkje ein haug med plastleketøy for å utvikle seg. Tvert imot! Materialar utan behov for fasit er materialar som får kreativiteten på gli. Barna bør ha rikt tilgang på ting som ikkje har eiin førehandsdefinert funksjon. Kvar gong ein tar i slikt materiell kan det blir noko nytt, eller omdefinerast til å bli noko ein treng.
Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.
Rammeplan for barnehagen side 20
For dei yngste barna vil mykje av leiken handle om å gjere noko saman – hoppe, klatre, springe (toddler-leiken). Etter kvart som barna blir eldre blir det meir og meir avansert rolleleik og konstruksjonsleik. .
9.4 Læring
Nysgjerrigheit, kreativitet og vitelyst skal anerkjennast, stimulerast og leggjast til grunn for læringsprosessane. Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt.
Rammeplan for barnehagen side 22
Barnehagen skal:
- Støtte lærelysta og nysgjerrigheita
- Gje barn tid til å undre seg
- Utforske og finne ut meir
I tråd med Reggio Emilia-filosofien legg vi vekt på å oppmuntre og utvikle barna sine interesser. På denne måten er barn med på å medverke kva som blir ulike tema i barnehagen. Er barna interessert i krokodiller, utforskar vi og finn ut meir om krokodiller.
Barns medvirkning
Både dei yngste og dei eldste får være med å medverke, men på ulike måtar. Dei yngste barna kan vise med blikk og kroppen kva dei likar godt, og dei tilsette må da legg merke til dette og ta det med vidare.
Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.
Rammeplan for barnehagen side 20
Hos dei eldste barna kan det være refleksjonar om ulike tema og barn er sjølv med å medverke på korleis prosessen rundt temaet går vidare. Nokre tema er over kort tid og andre tema kan vare lengre, alt etter korleis interessa til barna er.