Årsplan Bergetippen barnehage

2 God og effektiv kommunikasjon

Barnehagen bruker Min Barnehage-app, ein mobilapp som effektivt lar deg som føresett, kommunisere med oss i barnehagen.

Via appen kan føresette og tilsette:

  • Sende meldingar til kvarandre - hugs å ikkje sende sensitiv informasjon
  • Registrere oppmøte og fråvær
  • Tilsette kan dele tekst og bilete frå kvardagen
  • Registrere kvile og soving
  • Føresette kan godkjenne, eller avslå samtykker
  • Barnehagen kan dele viktig informasjon med føresette.  

Kort sagt gir Min Barnehage-appen rask og enkel tilgang til informasjon og den gjer dialogen mellom heim og barnehage enklare og meir effektiv.