Årsplan Bergetippen barnehage

14 Friluftsliv

Barnehagen skal legge til rette for at borna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring.

Rammeplan for barnehagen side 52

Friluftsliv i barnehagen handlar om progresjon. Frå barna er små er dei mykje ute. Dei opplever regn, sol og snø. Sansane blir stimulert. Etter kvart som dei blir trygge i møte med barnehagen kan dei gå på kortare turar i nærområdet. Kanskje er det nok med ein liten tur utanfor gjerdet. Tenk på alt som finns der! 

Etter kvart som barna blir større er det barnehagen si oppgåve å utvide horisonten deira. Barna går då på korte eller lengre turar i nærområdet. I barnehagen sitt nærområde ligg det ein fantastisk natur som barna nyt godt av. Barnehagen vektlegg gode opplevingar og spanande aktivitetar i naturen basert på barna sine interesser og idear. Frileik i naturen blir høgt prioritert.

I naturen lærer barna mykje. Dei får førstehands erfaringar med begrep og fenomen. Dei utviklar motorikken og styrkar språket. Tenk på all læringa barna tar til seg i møte med naturen rundt seg!

For dei eldste barna som skal inn i skolen vektlegg vi meistring. Meistring i møte med utfordringar. Lengre turar til Storklauva, Eidskremheia og Jendemsfjellet før skolestart er med på å gje barna opplevinga av at dei kan klare kva som helst!