Årsplan Bergetippen barnehage

5 Foreldre og barnehagen sine tilsette har eit felles ansvar

Foreldre og barnehagen sine tilsette har eit felles ansvar for at barna skal trivast og utvikle seg. 

Lov om barnehager § 1 seier at barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg.

Foreldresamarbeid

Det viktigaste er den daglege kontakten ved levering og henting der vi kan utveksle mykje informasjon og dialog om det enkelte barn.

Foreldresamarbeidet består elles av:

  • Informasjonsbrev når barnet har fått plass
  • Foreldremøte for nye foreldre i mai/juni
  • Oppstartsamtale med alle nye
  • Foreldresamtalar to gonger i året
  • Skriftleg informasjon gjennom året
  • Arrangement som barnehagen eller foreldra inviterer til

Samarbeid om arrangement:

  • Sommarfest
  • Dugnad
  • Foreldremøte haust, og  vår

Formelle samarbeidskanalar

  • Foreldrerådet - alle foreldre i barnehagen. Foreldra på kvar avdeling vel ein representant og ein vara som er kontaktpersonar og medlemmar i foreldrenes arbeidsutval.
  • Foreldrenes arbeidsutvalet (FAU) består av ein representant frå kvar avdeling.  FAU vel to representantar til samarbeidsutvalet. 
  • Samarbeidsutvalet (SU) består av to foreldrerepresentantar, to representantar frå tilsette og to representantar frå barnehageeigar. I samarbeidsutvalet møter også styrar og assisterande styrar. 

Les meir om temaet på nettsida til nasjonalt foreldreutval for barnehagar

FAU for Bergetippen barnehage 2023/24

FAU for Bergetippen barnehage 2023/24
Avdeling Representant Vara
Maurtua Anders Skoglund Camilla Hol
Furukongla Stian Gjeldsvis Terese Nerbøvik, nestleiar
Nisseberget Linn Anett Håseth Gule Joachim Rausand Kornstad
Revehiet Veronika Storvik, leiar Astrid Vårdal Mutchler
Trollberget Dave Andreas Øiangen Christoffer Aae

Samarbeidsutvalet for Bergetippen barnehage

Samarbeidsutvalet for Bergetippen barnehage
Representantar for foreldra Representantar for tilsette Representantar for barnehageeigar Vararepresentantar for barnehageeigar
Veronika Storvik, leiar Benedicte S. Åndal Anita Oterhals Eide Baard-André Fanghol
Terese Nerbøvik, nestleiar Anne Grete Fossheim Jørgen Sporsheim Monica Rishaug