Årsplan Bergetippen barnehage

10 Eit inkluderande barnehagemiljø

Korleis vi arbeidar på avdelingane:

  • Vere gode med og mot kvarandre
  • Fokusere positivt på andre, og sjå det som er bra med seg sjølv og kvarandre
  • Tydelege grenser for korleis vi er mot kvarandre, og rom for å vere forskjellige
  • Vaksne er rause og gode mot kvarandre, som gode rollemodellar
  • Snakkar om kjensler og reaksjonar i alle typar kvardagssituasjonar. Å setje ord på og kjenne på ulike kjensler er viktig for å forstå betre seg sjølv og andre
  • Vise respekt for kvarandre
  • Vaksne er gode rollemodellar og førebilete for barna
  • Før ein samtale med barnet, du lyttar og så svarar, -deltek.
  • Inkludere barna: Barna skal ordne opp seg imellom,  vaksne viser korleis dei gjer det
  • Vere konsekvent
  • Setje klare grenser
  • La barna oppleve at dei blir sett når dei gjer noko positivt
  • Gje ros når andre menneske er i nærleiken
  • Gje ros der og då
  • Oppmuntre barna til å samarbeide
  • Vi gjer plass til barna sin eigen humor

Aukrabarnehagen saman med Aukraskolen har dei siste åra arbeida målretta for å auke kompetansen til alle tilsette i å fremme trygge oppvekstmiljø, forebygge, oppdage og handtere mobbing og andre krenkingar. Vi har lest og høyrt på dei fremste forskarane på feltet. Vi har hatt innlegg frå mobbeombodet på utviklingsmøte. Aukrabarnehagen har utarbeid ein eigen plan for eit godt psykososialt miljø. Dette feltet skal vi fortsette å halde fokus på og vi skal bli endå betre. 
​Saman utviklar vi kvaliteten på praksisen vår.​ Barnehageåret 2023/2024 arbeider tilsette med fordjuping i å sjå barnehagebarnet innanfrå som er eit tilknytningsbasert program for barnehage.