Årsplan Bergetippen barnehage

12 Eit godt språkmiljø

Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling.

Rammeplan for barnehagen side 23

Barnehagen vil aktivt bidra til at barna utviklar eit godt språk og aukar ordforrådet sitt. Det vert lagt vekt på at varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå omgrep, og at samtale om opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for å utvikle eit rikt språk.

Barna skal få utvikle språket gjennom: 

  • Gode samtalar
  • Høgtlesing
  • Forteljingar
  • Rim og regler 
  • Song
  • Trolla Stein og Symre

Korleis møter vi alle barn i ulik alder eller ulike språk? Vaksne skal:

  • Vere eit godt språkleg førebilete
  • Anerkjenne og respondere og sette ord på det barn ser og er opptatt av
  • Involvere alle barn i samtalar
  • Hjelpe barn til å setje ord på uttrykke tankar og kjensler.
  • Støtte barn som har vanskar med kommunikasjon. Skape eit språkleg mangfald.