Årsplan Bergetippen barnehage

19 Dokumentasjon og vurdering

I barnehagen jobbar vi med dokumentasjon og vurdering.

Dokumentasjon

For at føresette skal få høve til innsikt i det som skjer i barnehagen har vi ulik dokumentasjon:

  • Årsplan blir godkjent av SU på hausten og lagt ut på heimesida vår
  • Månadsbrev vert sendt ut kvar månad frå kvar enkelt avdeling der ein dokumenterer kva dei har gjort/skal gjere. Her vil det også stå viktige datoar og anna nyttig informasjon. 
  • Dagbok. I Visma foreldreappen legger avdelingane ut viktige beskjeder, bilder og tekst frå barnehagedagane 1 – 2 gonger per veke.

Vurdering

Kvar periode som er gjennomført blir vurdert.

  • Månadsbrev - dokumentasjon frå sist månad
  • I januar og i juni gjennomfører personalet halv- og heilårsevaluering
  • Avdelingsmøte på kvar avdeling
  • Utviklingsmøte for alle tilsette
  • Leiarmøte for pedagogiske leiarar, assisterande styrar og styrar

Vurdering av arbeidet vårt er med på å gi refleksjonar og diskusjonar i vidare val vi tek. Samtale og refleksjon rundt handlingane våre inngår som ein naturleg del av møta våre. Praksis i Reggio Emilia-inspirerte barnehagar utviklast gjennom observasjon, dokumentasjon og tolking og didaktiske val.