Årsplan Bergetippen barnehage

18 Dei eldste barna i barnehagen

Skolastartarane er samla i eiga gruppe.

Fokus på

  • Vennskap og sosial kompetanse
  • Friluftsliv og turar i nærmiljøet.
  • Få erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi ein trygg og  god motivasjon for å begynne på skolen.

Revehiet/Sjøstjerna

Barnehageåret 2023/2024 har vi 20 skolestartarar. Vi har oppretta eit ekstraordinært tilbod til dei i år og tatt i bruk både avdeling Revehiet og det lille rommet Sjøstjerna som er tiltenkt friluftsgruppe.

Overgangen barnehage - skole

Vi arbeider for at barna skal vere godt førebudd og få ein trygg og god overgang til skolen. Aukra kommune har utarbeidd eigen plan for samarbeid mellom barnehage og skole i samband med overgang til skolen. 

At skolestartarane får vere samla i ei gruppe gir oss høve til å førebu dei godt til skolestart. Ut på tur for å besøke dyra på Hollingsetra og ein tur bortom skolen for å ta ein titt i vinduene. Dei ulike aktivitetane er tilpassa barnegruppa.  Noko er tradisjon og likt frå år til år, mens anna vert ulikt frå år til år.

Tradisjonar

  • Besøke kyrkje før jul
  • Aktivitetar og besøk saman med skolen og SFO på våren før skolestart
  • Tur til Jendemsfjellet på våren
  • På sommarfesten i byrjinga av juni markerer vi ekstra for skolestartarane at dei straks er klar for skolestart