Årsplan Bergetippen barnehage

13 Bergetippentrolla Stein og Symre

Visste du at Bergetippen-fjellet gøymer på ein hemmelegheit? Noko heilt unikt som berre nokon få veit om? Det bur nemleg ein trollfamilie inni fjellet. Det er trollmor Mamma Mjuk, trollfar Pappa Rot og dei to trollungane,  Stein og Symre. 

Stein og Symre er veldig nysgjerrige og det kjekkaste dei veit er å følgje med på kva barna i barnehagen held på med. For å kunne gå ut når det er lyst ute så samlar dei på «månemjølk». Troll som drikk den magiske drikken kan gå ut medan det er lyst ute.

Tradisjonen vil at vi skal feire bursdagen til Stein og Symre. Bursdagen er den fyrste vinterdagen i oktober. Då er det fest på Bergetippen barnehage! Teaterframsyning og så spis vi lune Romsdalshorn til lunsj.

Barna i barnehagen kan følgje Stein og Symre sine eventyr i ulike bøker vi har i barnehagen. Forfatter av bøkene er tidlegare styrar Berit Drejer, og Sarah Haensel har illustrert bøkene.