Tilvenning på Barnebo barnehage

For å ivareta barna sitt tilknytingsbehov i starten i barnehagen brukar vi modellen Foreldreaktiv tilvenning. Den vektlegg kor viktig dei føresette er for barnet når barnet begynner i barnehage.

Målsettinga med foreldreaktiv tilvenning

Oppstarten i barnehagen skal gje barna ei sikker hamn for nære og trygge relasjonar.

Vi i Barnebo har hatt foreldreaktiv tilvenning i fleire år og erfaringane viser at barna blir raskare trygg på avdelinga og får lettare tilknyting til personalet. For at barna skal få ei god tilknytingstid i barnehagen er det viktig å sette av god tid. For barn under 3 anbefaler vi å sette av fem dagar til oppstarten. For barn over 3 år varierer det, vi ser an barna sitt behov og avtaler med foreldre når vi ser korleis det går. Foreldra skal følgje sine barn i alle aktivitetar (stell, mat, sove, leik osv.) i minst tre heile dagar.

Tryggleikssirkelen

I arbeidet med å skape gode relasjonar til kvart enkelt barn brukar vi Tryggleikssirkelen (Circle of Security) som utgangspunkt. Tryggleikssirkelen synleggjer to grunnleggjande behov hos barnet:

  1. Behovet for tilknyting
  2. Behovet for utforsking
Bilete viser Tryggleikssirkelen - Klikk for stort bilete

Samarbeid og informasjonsutveksling om nye barn

  • I mai-juni vert det arrangert eit foreldremøte for foreldre til nye barn. Der blir det informasjon om Foreldreaktiv tilvenning og Tryggleikssirkelen. 
  • Barnehagen inviterer foreldre og barnet til eit besøk før barnet skal starte i barnehagen, slik at alle partar kan førebu seg best muleg til barnet sin start i barnehagen. Foreldra og barnet får då mulegheit å gjere seg litt kjent med avdelinga, der barnet skal starte og dei tilsette der.
  • Vi oppfordrar foreldre til å bruke uteområda våre på ettermiddagar og i helgene.
  • Vi samarbeidar med til dømes helsesøster, PPT eller eining for innvandring og integrering ved behov.
  • Når foreldre er saman med barnet sitt i tilvenninga, skal dei ikkje bruke mobiltelefon.

Kontakt

Sissel Oliv Garseth
Styrar Barnebo barnehage
E-post
Mobil 94 88 43 17
Hanne Margrethe Sporsem Skarshaug
Assisterande styrar Barnebo barnehage
E-post
Mobil 94 88 23 87

Opningstider

Barnehagane i Aukra

Måndag til fredag kl. 07.00 til 16.30

Adresse

Besøksadresse Furutun

Hjertvikvegen 10

6480 Aukra

Besøksadresse Aukratun

Hjertvikvegen 2

6480 Aukra

Postadresse Barnebo barnehage

Aukra kommune

Nyjordvegen 12

6480 Aukra