Klede og utstyr på Barnebo barnehage Grunna fare for kveling vil vi at de unngår snorer på klede og sekkar. Vi vil ikkje ha hettegenserar i barnehagen. Når de skal kjøpe ny jakke, dress og regnklede, er det lurt å velje med ei hette som går an å ta av. Du må ha namn på all klede og utstyr Alle klede, sko, matboksar, vogner og anna utstyr må ha namn på seg. Barnehagen er ikkje erstatningspliktig om noko kjem bort, men med namn på er det lettare å halde orden. Rydding og sjekking av hyllene Rydd hyllene kvar fredag slik at hylla vært vaska Ta med heim regnklede og anna yttertøy kvar fredag Sjekk kvar veke kva som trengst av klede og om utstyr er i orden Fast i barnehage Bleier, evt. salve Drikkeflaske for vatn Skiftekle som passar vêret. Minimum to sett. Truse Sokkar Regnklede Ekstra når det er sommar T-skjorter Fleeceklede Tynn dress/dressar Tynn lue/panneband Caps/solhatt Støvlar Joggesko eller liknande Solbriller Badeklede om sommaren Ekstra når det er haust/vinter/vår Tynn dress til haust og vår Tjukk dress til vinter Ulltøy, genser og bukse (evt. fleece) Ullundertøy, langarma trøye og stillongs, tynn og tjukk Eventuelt fleeceklede Tjukkelabbar Tjukk lue Hals i fleece eller ull Vottar Vintersko Goretex-sko, alternativt vasstette støvlar med fôr for våte dagar Sist endra 05.11.2024 10.24