Årsplan Barnebo barnehage

9 Foreldresamarbeid

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.

Lov om barnehagar § 1.

Foreldra og personalet har felles ansvar for barna sin tryggleik, trivsel og utvikling. Samarbeidet må byggje på gjensidig openheit og tillit, og skal alltid ha barnet sitt beste som formål. Vi tek utgangspunkt i Tryggleikssirkelen når vi vil ha ei foreldreaktiv tilvenjing. Det er viktig at alle barna får tilknyting til minst ein av dei vaksne på barnehagen før foreldra dreg frå barnehagen for første gong. Vi må ta oss nok tid i oppstarten slik at barnet og den vaksne rekk å etablere ein nær og trygg relasjon.

Personalet har ansvar for å gje foreldra den informasjonen dei treng om barnehageverksemda, og invitere dei til medverknad. Barnehagen skal vere open for kva foreldra forventar og ønskjer, både som enkeltpersonar og som gruppe, og skal legge til rette for ein god dialog med alle foreldre.

Samarbeidet med foreldra er avgjerande for det førebyggjande arbeidet mot mobbing. Vi har eit felles ansvar og det er viktig å dra i same retning. Openheit, felles forståing og involvering er sentralt for å få det til best mogleg. Samtalar om og refleksjon kring å møte barna med tillit og respekt, og grunnleggjande verdiar som fellesskap, omsorg, toleranse, medansvar og solidaritet bør gå føre seg jamleg, og innehalde eksempel frå barnehagekvardagen. Foreldra samtalar med barna om barnehagedagen ut i frå den informasjonen dei får gjennom dei daglege samtalane med personalet. Barnehagen må vise i praksis at foreldra sine bidrag er viktig for barna sin trivsel og utvikling ved å bruke deira innspel i planlegginga av kvaliteten på miljøet. Kap. VIII om psykososialt barnehagemiljø i barnehagelova er styrande for arbeidet vårt. Aukrabarnehagen sin eigen plan for eit trygt og godt psykososialt miljø konkretiserer korleis vi gjer dette i praksis.

I møte med foreldra skal vi

Vise respekt og interesse:

  • Ha ein god kvardagskommunikasjon med lav terskel for spørsmål
  • Vere tilgjengeleg og lytte til innspel og ønskjer
  • Jobbe for gjensidig tillit og respekt
  • Ta alle tilbakemeldingar på alvor

Gje nok og god informasjon:

  • Samtale i bringe- og hentesituasjon
  • Dagbok, beskjedar og meldingar i appen Min barnehage
  • Månadsdokumentasjon
  • Årsplan og Bli kjent- hefte
  • Ulike informasjonsskriv sendt ut i appen og tilgjengeleg på nettsida til Aukra kommune
  • Foreldresamtalar og bli kjent- samtale
  • Foreldremøte
  • FAU (foreldreråd) og SAMU (samarbeidsutval)

Tilbakemelding på korleis foreldre opplever kvaliteten på tilbodet er viktig. Dei tilbakemeldingane som foreldre gjev i den daglege kontakten er den viktigaste. I tillegg har vi brukarundersøking med jamne mellomrom.

Foreldrekurs COS-p

Barnebo tilbyr kvar haust foreldrekurs i Tryggleikssirkelen (COS-p, circle of security parenting), som er eit relasjonsbasert foreldreprogram. Tryggleik er viktig for at barna skal trivast og utvikle seg godt. Korleis vert tryggleik utvikla? Korleis påverkar barnet meg, og eg barnet? Korleis kan eg bli meir bevisst i foreldrerolla mi, forstå barnet sine signal, og møte dei på ein god måte slik at barnet får ei trygg tilknyting? Circle of security (COS) er basert på 50 års forsking. På kurset vil de blant anna lære meir om Tryggleikssirkelen og vegen til tryggleik, barnet sine behov rundt Tryggleikssirkelen, om å vere saman med barnet på Sirkelen, utforske det vi strevar med, og om brudd og reparasjon.

Kurset går over åtte kveldar, der videoar og refleksjon saman er viktigaste arbeidsmetode. Det beste er om begge foreldra kan delta. Mange trur at dette er eit kurs for dei som har nye barn i barnehagen og at det handlar om tilvenjingstida. Det er det ikkje. Dette kurset er nyttig og relevant for alle foreldre, med barn i alle aldrar.

Sitat frå tidlegare deltakarar etter kurset 

  • Vi er SÅ glade for at vi deltok på kurset og sitter igjen med veldig mye kunnskap som vi daglig bruker i vår relasjon til barnet. Vi ser at denne kunnskapen også kommer til å bli nyttig i lang tid fremover (ungdomsårene osv.).
  • Etter å ha gått ferdig kurset så ser jeg nå barnas følelser og behov fra et mer utvidet perspektiv enn før, dette gjør at jeg kan møte dem på en enda mer helhetlig måte enn tidligere.
  • Det var spennende å lære mer om hvordan egne erfaringer og tanker kan ubevisst påvirke vår relasjon til barnet. Dette er det mest matnyttige kurset jeg har vært på. Tusen takk!  
  • Vi synes det var veldig nyttig med mange "korte" kurskvelder, lærerikt å få tid til å prøve ut hjemme det vi hadde lært på kurskveldene. Viktig at det varer en periode for at en virkelig skal se nytten av og evt. virkningen av kurset.
  • Ikkje berre står eg betre rusta til å skape trygg tilknytning no, men at borna mine skal bli trygge og psykisk/kjenslemessig påkobla ungdom og vaksne.
  • Trygghetssirkelen hjalp meg til å forstå bedre hvilke behov barn har, hvilke signaler de gir og hva jeg kan gjøre for å møte disse behovene bedre. På det samme tid har kurset hjelpt meg å ha bedre kontroll på mine egne følelser, det handler ikke om å være den perfekte forelderen, men om å være god nok.