11 Fagområda i barnehagen
Rammeplanen har sju fagområde. Eit fagområde vil sjeldan opptre aleine. Vi arbeider tverrfagleg, gjennom varierte prosessar og arbeidsmåtar. Det er viktig med progresjon, variasjon, medverknad og tilrettelegging med tanke på barna sine ulike behov. Fagområda speglar områder som har interesse og eigenverdi for barn i barnehagealder, og skal bidra til å fremme trivsel, allsidig utvikling og helse. Fagområda heng saman med skolen sine fag.
Tidleg og god språkstimulering er viktig m.a. fordi kommunikasjon og språk påverkar og vert påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Vi er opptekne av å ha eit rikt og variert språkmiljø, med mykje bruk av Snakkepakken, Språksprell, rim og regler, song, høgtlesing og gode samtalar med barna. Lydar, rytme i språket, tal og bokstavar, tekst og bilde er døme på ulike måtar vi nærmar oss dette fagområdet på.
Vi skal vere gode språklege forbilde og lydhøyre i kommunikasjon med alle barn. På Barnebo er 41 av 89 barn minoritets-, to- eller trespråklege. Barnehagen sitt språklege mangfald skal vere ein ressurs for heile barnegruppa. Til dømes høyrer vi på eventyr og songar på ulike språk, og vi lærer oss nokre ord på dei ulike språka vi har på avdelinga.
Barnehagen skal fremme god fysisk og psykisk helse. Gode vanar som dei får i barnehagealder kan vare livet ut. Barn er kroppsleg aktive, og utrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Å la dei få bruke den allsidig, både til det dei kan og til nye utfordringar, er bra for utvikling av dei motoriske dugleikane og ei god sjølvkjensle. Vi skal sikre at alle barna er nok fysisk aktive i løpet av dagen. Vi nyttar leikeplassane våre og naturområda i nærmiljøet mykje. Og vi legg til rette for at dei kan hoppe og springe inne. Ei god veksling mellom aktivitet, kvile og måltid er viktig.
Barna skal vere trygg på eigen kropp, ha ei positiv oppfatning av seg sjølv og bli kjent med eigne følelsar. Det er viktig at dei kan setje grenser for eigen kropp, og at dei respekterer andre sine grenser. Barnehagen følgjer kosthaldsråda til helsedirektoratet, og er oppteken av å servere sunn mat. Vi har eigen kokk i 100 % stilling.
Barn undrar seg over mange tema, og gjerne det vi vaksne kallar eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål. Vi gjev tid og ro til slike samtalar med barna. Respekten for liv er grunnleggjande. Til dømes skal vi alltid ta vare på, og sleppe fri igjen insekt og småkryp som vi fangar for å studere. Gjennom samtalar eller ved å nytte pedagogisk materiale som Elle Melle, reflekterer vi over tema som vennskap og mobbing. Vi skal og bidra til respekt for alle menneske gjennom kjennskap til, og kunnskap om og forståing for andre kulturar og religionar. Kva har vi av likskapar og forskjellar? I samtale med barna prøver vi å stille opne spørsmål, slik at barna sine eigne tankar og svar får plass. Då er vi med å leggje grunnlaget for kritisk tenking og dømmekraft, byggjer identitetar og sjølvbilde til kvart enkelt barn, og gjev basis for gode verdiar, normer og haldningar.
Det handlar om å oppdage, utforske og skape strukturar, og hjelper barna til å forstå samanhengar i naturen, samfunnet og universet. Barna tel, sorterer og orienterer seg naturleg i forhold til tal, former og rom, på mange ulike måtar. Å telje kan vi gjere over alt, og former kan vi jakte på når som helst. Til dømes tel vi kor mange vi er rundt bordet, fatet er rundt, medan kvitosten er firkanta, kven er størst og kven er minst? Denne naturleg gryande matematiske interessa stimulerer vi dagleg ved å vere nysgjerrige og forskande saman med barna. Vi skal støtte barna si evne til problemløysing, og hjelpe dei til å vere uthaldande i møte med oppgåver som utfordrar dei. Medan dei yngste er opptekne av å telje så langt dei greier, øver førskoleklubben seg på å forstå at eit tal er symbol på ei mengde.
Gjennom å medverke og vere aktør i eige liv i fellesskapet på barnehagen, legg vi grunnlaget for barna si vidare deltaking i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal bidra til at barna møter verda utanfor familien med tillit og undring. Vi brukar lokalsamfunnet aktivt, og blir kjent med litt av historia vår. Barna får erfaringar med folk, hendingar, naturområde, tradisjonar og institusjonar som er med å forme Aukra. Vi besøkjer biblioteket, kulturhuset, skolen, kommunehuset, kyrkja, Bergetippen, omsorgssenteret, brannstasjon med meir. Vi vil på denne måten fremme fellesskap, kultur og identitet knytt til lokalsamfunnet vi er ein del av. Fagområdet skal også bidra til at barna vert kjent med samfunnet og verda i eit større perspektiv. Barna skal få kjennskap til menneskerettane, og da særskilt barnekonvensjonen.
Fagområdet framhevar å sanse, filosofere, oppleve, eksperimentere og kommunisere med kunst og kultur i ulike former. Vi ønskjer å utvikle gode rom for formingsaktivitetar.
Å vere inspirert av Reggio Emilia gjer at vi er ekstra merksame på å gje barna rom, tid og tilgjengelege opne materiale slik at dei gjennom kreative prosessar kan utforske og skape sine eigne estetiske uttrykk. Materialet skal vere eit verktøy for tanken. Vi vil gje barna opplevingar med å forme noko ut av gjenbruksmateriale.
Det kulturelle mangfaldet i barnehagen skal vere ein ressurs og til inspirasjon for alle, og det enkelte barnet skal vere stolt over si eiga kulturelle tilhøyrsle.
Naturen gjev rom for eit mangfald av opplevingar, leik og aktivitetar til alle årstider og i all slags ver. Gartnerfjøra, påskeliljemarka, Aukraskogen, Hekseberget, Museskogen, Hallingshaugen og leikeplassane rundt omkring er godt besøkt av oss. Vi er nysgjerrige og forskar på det vi oppdagar når vi er ute. Slik får vi stadig meir kunnskap om dyr, vekstar, naturfenomen, og samspelet i naturen, og mellom naturen og menneska.
Gjenbruk er viktig for oss. Vi vil gje barna erfaring, kunnskap om og lyst til å ta vare på naturen.
Vi nyttar data, i-pad og smarttelefonar dagleg, og barna får erfare bruk av teknologi og ulike reiskap i kreative prosessar.