Saksbehandling og arkivKommunen behandlar personopplysingar i den elektroniske saks- og arkivsystemet. Opplysingane blir lagra for no- og ettertid, jf. arkivlova. Servicessjefen er delegert behandlingsansvarleg for arkivet. Arkivleiar er delegert dagleg ansvar for drifta av kommunen sitt arkiv. Kommunen har databehandlaravtale med leverandøren. Sak- og arkivsystemet følgjer offentlege standard (NOARK) og er tilgangsstyrt. I tillegg blir fleire fagsystem nytta innanfor dei einskilde verksemdene for saksbehandling. Der fagsystemet også er eit arkivsystem, følgjer dette NOARK Einingsleiar er ansvarleg for den daglege arkiveringa i fagsystemet. Kva for personopplysningar registrerar vi i saks- og arkivsystemet? Vi registrerer personopplysingar som namn, adresse, telefonnummer og annan relevant informasjon som går fram av henvendinga kommunen mottek. Fødselsnummer blir registrert i saker når det er nødvendig for sikker identifikasjon og for å gjere det mogeleg med elektronisk utsending av dokument. Sak- og arkivsystemet og fagsystem hentar adresse frå folkeregisteret og Brønnøysundregisteret. Saksdokument kan i tillegg innehalde både teiepliktig informasjon og sensitive personopplysingar. Oversikt over personopplysningar som blir registrert i saks- og arkivsystemet I saks- og arkivsystemet har kommunen registrert informasjon om ulike tenestemottakarar som barnehagebarn, elevar og andre brukarar av kommunale tenester. Nedanfor følgjer ei liste over kva type personopplysningar som blir registrert i saks- og arkivsystemet: Namn Adresse Anna kontaktinformasjon ID-nummer Gards- og bruksnummer Helseopplysningar Foto/bilder Bilnummer Økonomiske forhold Sosiale forhold med meir Postjournal Kommunen sin offentlege postjournal ligg på kommunen si heimeside. Dette er ein journal over kommunen sine inngåande og utgåande dokument som blir registrert i sak- og arkivsystemet. Journalføringar i andre fagsystem blir ikkje lagde på offentleg journal. Sist endra 03.01.2024 13.59