Kvar hentar vi personopplysningane frå?Aukra kommune hentar inn nødvendig informasjon om deg når du til døme søkjer om ei teneste frå kommunen. Desse opplysningane hentar kommunen frå sentrale register og frå søkjaren sjølv. Når vi tilbyr lovpålagde tenester til innbyggjarane våre, kan vi, dersom det er nødvendig, hente opplysningar om deg frå andre offentlege myndigheiter eller offentlege register, eksempelvis likningsopplysningar eller andre opplysningar frå Skatteetaten, NAV eller Folkeregisteret. Vi kan også be deg om å opplyse anna type informasjon når du eksempelvis søkjer om ei teneste eller yting. Du har alltid rett til å få vite kor vi hentar opplysningar om deg. Dei einskilde fagområda skal opplyse deg om dette i samband med at du eksempelvis søkjer kommunen om ei teneste eller yting. Sist endra 03.01.2024 13.59