Kva betyr personvernerklæringa for deg?Personvernlovgivinga gir deg som innbyggjar rett til sjølv å fastsetje korleis dine personopplysningar skal behandlast og kven som skal få tilgang til personopplysningane dine. Lova er lik i heile Europa. Det er strenge krav til dokumentasjon og risikovurderingar for verksemder og dei blir registrerte rettane er på fleire område er styrka. Personvernforordninga inneber mellom anna: Kommunen skal vere meir open rundt innsamling og bruk av personopplysningar. Den som ber om samtykke til å bruke opplysningar, skal gi klar og tydeleg informasjon om korleis personopplysningane skal brukast. Kommunen skal grunngje og avgrense bruk av personopplysningar. Det er ikkje lov å samle inn eller lagre personopplysningar ein ikkje treng. Opplysningar som det ikkje lenger er behov for, skal slettast. Kommunen skal korrigere feil eller ufullstendige opplysningar. Under visse vilkår kan du ha rett til å ta med deg personopplysningar frå ei verksemd til ein annan. Du har i visse tilfelle ein rett til å protestere mot behandling av personopplysningane dine. Du kan kan sleppe at det blir tatt viktige avgjerder om deg basert på ei heilautomatisert behandling av personopplysningar. Personvernombod Kommunen har eit personvernombod som mellom anna har til oppgåve å gi råd til kommunen om korleis personvernlovgivinga best mogeleg skal takast i vare, samt vere med på å kontrollere at kommunen følgjer opp pliktene sine etter personvernlovgivinga. Innbyggjarane kan også ta kontakt med kommunen sitt personvernombod. Sist endra 03.01.2024 13.59