Opplysningar om folkevalteKommunen behandlar personopplysingar om dei folkevalte sine for å administrere den politiske ordninga. Opplysningar om folkevalte som ligg i kommunens HRM-system er følgjande: Kontaktinformasjon som Namn Adresse Telefonnummer E-postadresse Fødsels- og personnummer (til bruk for utbetaling av godtgjersle) Kontonummer (til bruk for utbetaling av godtgjersle) I kommunens sakssystem og på heimesida vert følgjande informasjon registrert og publisert: Namn Adresse Telefonnummer E-postadresse Dei folkevalte skal vere tilgjengeleg for politisk sekretariat og innbyggjarane. Derfor vert desse opplysningane også publisert på heimesida. Sist endra 03.01.2024 13.59