Informasjon lagra i elektroniske skjemaKommunen bruker elektroniske skjema for å forenkle og effektivisere forvaltingsoppgåvene våre. Desse ligg tilgjengeleg på nettsidene våre. Kommunen bruker Acos elektroniske skjemaløysing. Vi har databehandlaravtale med Acos. Skjemaa blir overførte til kommunen sine servar, og til importsentralen. Frå der vert skjema lagra i saks- og arkivsystemet vårt. På grunn av informasjonstryggleik knytte til sensitiv informasjon, kan du ikkje søkje elektronisk på alle tenester sjølv om skjema ligg på nettsida. Desse må sendast per post. Kommunen brukar elektronisk skjema for innmelding av feil og manglar på kommunale veg, veglys, vatn, avløp, friluft og uteområde, renovasjon i "Meld inn feil"-funksjonen. Personopplysingar (namn, e-postadresse og telefonnummer) som blir registrerte i Meld inn feil, blir sletta etter 6 månader. "Avidentifiserte" opplysingar blir nytta til statistikkformål. Det er frivillig å melde saker i Meld inn feil. Behandlingsgrunnlaget er samtykke. Sist endra 04.04.2025 08.45