Helseopplysningar

Kommunen behandlar personopplysingar og helseopplysingar knytt til lovpålagde tenester. Helsesjefen, sosialsjefen, einingsleiar for institusjon og einingsleiar for heimetenesta er delegert behandlingsansvarleg. 

Einingleiarane har det daglege ansvaret for behandling av personopplysingar i samband med helsetenester til kommunen sine innbyggjarar.

Områda innan helse, pleie, omsorg og sosial som behandlar helseopplysingar er

  • legekontor,
  • omsorgssenteret,
  • heimebaserte tenester,
  • bustadene,
  • dagtilbod for personar med funksjonshemming,
  • førebyggjande helseteneste,
  • NAV Aukra, rus- og psykisk helseteneste,
  • helsestasjon, 
  • folkehelse,
  • barnehagane, skolane og kulturskolane behandlar helseopplysningar om sine brukarar,
  • serviceavdelinga, økonomiavdelinga og personal- og organisasjonsavdelinga. 

Alle personopplysningar skal behandlast i tråd med kommunen sine rutinar. Kommunen har rutinar for opplæring, tilgangsstyring og kontrolltiltak for kvart fagsystem. Systema er tilgangsstyrte. Opplysingane blir lagra for no- og ettertid etter helseregister- og arkivlova. Kommunen har databehandleravtalar med leverandørane.

Elektronisk utveksling av helseopplysingar skjer via Norsk Helsenett mellom fastlegg, sjukehus og kommunen for å sikre tryggleik, effektivitet og sporing for innbyggjarar som treng helsehjelp.

Personvernerklæring for helseplattformen.no

Personvern i pasientjournalen Helseplattformen

Personvernerklæring for HelsaMi

Psykososialt kriseteam

Helsepersonellet i Aukra kommune sitt psykososiale kriseteam har journalføringsplikt om sjølve hendinga om dei personane som mottek helsehjelp i den akutte situasjonen. Dei som får hjelp av kriseteamet, får ein journal laga på hendinga. Journalnotatet frå den aktuelle hendinga kan berre lesast av medlemer i kriseteamet.

Det blir registrert personopplysingar som namn, adresse, fødselsnummer, helseopplysningar og ein omtale av den helsehjelpa som er gitt. Fødselsnummeret må registrerast for sikker identifisering.

Kontakt

Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra