Bruk av bildeSamtykke ved bruk av bilde Hovudregelen er at behandlingsansvarleg (kommunen) alltid skal be om samtykke frå alle som direkte eller indirekte kan bli kjent igjen på eit bilete før det blir publisert. Dersom bileta blir tekne i regi av behandlingsansvarleg slik som skule, barnehage, frivillige organisasjonar eller liknande, skal dei som tek bileta hente inn samtykke før bileta blir tekne og før publisering. Dersom skolen eller barnehagen filmar eller fotograferer barn for å studere åtferdsvanskar, krev det også samtykke frå dei føresette. Sletting av bilde Bildet som blir tatt av behandlingsansvarleg skal slettast når føremålet er oppnådd. Sist endra 04.04.2025 08.45