Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Spørsmål om innsyn i personopplysningar

Alle registrerte har rett til å oppmode om innsyn i kva personopplysingar kommunen eig om vedkomande og kva dei blir brukte til.

Ved søknad frå den registrerte plikter den behandlingsansvarlege å gi opplysingar om følgjande:

  • Kva personopplysingar som blir behandla
  • Formåla med behandlinga
  • Forventa behandlings- og lagringstid for personopplysingane
  • Kjelda til personopplysingane
  • Om personopplysingane blir overførte til ein tredjestat, og kva stat det gjeld
  • Ved automatiserte avgjerder: informasjon om tydinga og konsekvensane av ei slik behandling

Den behandlingsansvarlege må behandle søknaden utan ugrunna opphald, og seinast innan 1 månad. Fristen kan forlengjast i ytterlegare 2 månader dersom det er eit presserande behov for det. Ved ei eventuell forseinking skal den registrerte informerast om årsaka til forseinkinga innan seinast ein månad etter mottak av søknaden.

Dersom kommunen får ein søknad om innsyn i personopplysningar som kommunen ikkje kan møte,  pliktar kommunen å gi det registrerte svaret seinast ein månad etter mottak av søknaden om årsaka til kvifor søknaden ikkje vert behandla og moglegheita for å klage denne avgjerda. 

Kven er du?

Vi vil be deg om å stadfeste identiteten din eller å gje ytterlegare informasjon før vi lèt deg ta i bruk dine rettar overfor oss. Du må derfor leggje ved kopi av gyldig legitimasjon. Dette gjer vi for å vere sikre på at du er den du er, og at ingen andre gir seg ut for å vere deg.

Kontakt

Kari Johanne Todal
Arkivkonsulent
E-post
Mobil 94 82 13 69
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra