Innsyn i pasientjournal
Kva har du rett å få innsyn i?
- Du har rett til å sjå journalen din.
- Du har rett til å vita kven som har sett journalen din.
- Du har rett til å vita kven som har fått opplysningar frå journalen din.
Pårørande eller andre med fullmakt kan også få innsyn, viss det er i orden for deg.
Kan innsyn nektast?
Helsepersonell kan seie nei til heile eller deler av journalen, viss dei meiner det kan skada deg eller andre. Dette skjer berre unntaksvis. Viss du får avslag, kan du klage til Statsforvaltaren.
Slik ber du om innsyn i journal frå sjukehus eller kommunen si helse- og omsorgsteneste
Det tek nokre dagar å behandla førespurnaden din. Journalen blir derfor ikkje send ut same dag.
Slik ber du om innsyn i pasientjournal frå legekontoret (kjernejournalen)
Kopi av vedtak
Vedtaket ditt er ei samling av opplysningar om deg og den helsehjelpa du er tildelt. Du har rett til å få innsyn i vedtaket ditt, kven som har hatt tilgang til det og kven som har fått utlevert opplysningar. Ein pårørande, eller ein annan person med fullmakt, kan også få innsyn i vedtaket ditt. I heilt spesielle tilfelle kan likevel helsepersonell nekta deg innsyn i heile eller deler av journalen.
Viss du ikkje får innsyn kan du klaga til Statsforvaltaren.
Det skal i førespurnaden markerast for kva vedtak som blir ønskt utskrift av og for kva tidsperiode.
Vedtak blir ikkje levert ut same dag som førespurnad, då det er saksbehandlingstid.
Klage til Statsforvaltaren
Dersom du ikkje får innsyn i dine helseopplysningar, kan du klage til Statsforvaltaren. Klagen sender du til det forvaltningsorganet som gjorde vedtaket. Det kan til dømes vere kommunen, sjukehuset, fastlegen, Pasientreiser eller skattekontoret.
Du skal sende klagen dit for at forvaltningsorganet eller instansen skal få høve til å gjere om den opphavlege avgjerda si. Dersom forvaltningsorganet ikkje endrar vedtaket sitt etter at du har klaga, skal det innklaga forvaltningsorganet raskt sende klagen vidare til Statsforvaltaren.
Meir informasjon om klage til Statsforvaltaren