Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert i som busett den 30. juni 2023.

Skal du flytte?

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Bur du i utlandet?

Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet.

Veljarar med strengt fortruleg adresse

Veljarar med strengt fortruleg adresse er ikkje innført i det ordinære manntalet kommunen har tilgang til, men kommunane får eit særskilt tilleggsmanntal med oversikt over personar med strengt fortruleg adresse. Veljarar det gjeld får eit eige brev frå Kripos om stemmegivinga.

Vil du sjekke om du er rett manntallsført?

Ta kontakt med kommunen din. Alle kommunar i Noreg er plikta til å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg slik at du kan kontrollere eigne opplysningar og sende inn klage dersom det er feil i manntalet.

Søknad om innføring i manntalet

Dersom du har budd utanlands i meir enn 10 år, må du søke om innføring i manntalet. Dette kan du gjere samtidig som du stemmer. Det same gjeld om du er norsk statsborgar, men har aldri vore folkeregistrert som busett i Noreg. Du må sende søknaden til den kommunen der du sist var folkeregistrert som busett. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsett er norsk statsborgar.

Søknadsskjema for innføring i manntalet (PDF, 58 kB)

Manntalet vert lagt til offentleg ettersyn i juli på følgjande stader:

  • Gossen krins: På biblioteket, Coop Extra Gossen, Bunnpris Aukra og Spar Aukra
  • Julsundet krins: På Julsundet skole og Coop Extra Hollingen.

Heile manntalet vert lagt ut på kommunehuset. Dersom du finn feil i manntalet, må du ta kontakt med valstyret i kommunen, tlf. 71 17 15 00.

Frist for partia for å bestille eit gratis eksemplar av manntalet

Alle som stiller liste ved valet, har rett på eit gratis eksemplar av manntalet. Det er eit krav, at manntalet vert bestilt innan fristen som valstyret fastset. Valstyret har i sitt møte 27. mars 2023 vedtatt at denne fristen er 14. april 2023.

Partia kan også be om oppgåver over bestemte grupper veljarar, som til dømes førstegongsveljarar.

Les meir om korleis partia kan bestille manntalet

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra