Delegeringsreglement 2023-2027

Delegeringsreglement vedteke av kommunestyret 2. mai 2024 (PS 21/24)

Kommunestyret er det øvste avgjerande organ med overordna ansvar for den samlande verksemda i kommunen, jf. lov om kommuner og fylkeskommuner § 5-3 (kommuneloven). Lova gir vide rammer for kommunestyret til å delegere avgjerdsmynde til andre politiske organ og administrasjonen, jf. kommuneloven § 5-4. 

Kommunestyret må for kvar valperiode vedta kva delegeringar av oppgåver og mynde som andre organ eller roller skal få. Kommunestyret vedtek delegeringsreglement for dei sentrale folkevalte organa, samt delegering til kommunedirektøren. 

Delegering effektiviserer sakshandsaminga ved at arbeidsoppgåvene vert fordelt på fleire og at den som har størst fagkunnskap fattar vedtak. Delegering kortar normalt ned sakshandsamingstida. Føremålet med delegeringsreglementet er ei rasjonell og effektiv drift av kommunen til beste for innbyggjarane. Det skal leggjast vekt på rettferdig og lik handsaming i tråd med dei folkevalde sine intensjonar.

Etter kommuneloven kan avgjerdsmynde i alle saker delegerast til andre folkevalde organ innanfor rammene av lova eller anna lov. På same måten kan saker delegerast til ordførar eller til kommunedirektøren, sjå koml. § 5-3 3. ledd, jf. § 13-1 6. ledd.

I Aukra kommune har kommunestyret delegert mynde til formannskapet, til faste politiske utval og tilnkommunedirektøren. Delegeringsreglementet inneheld ikkje delegeringar til råda då råda har eigne reglement som viser kva oppgåver som ligg til dei.

Kommunedirektøren har det overordna og samlande ansvaret for heile organisasjonen og avgjer kva mynde som skal delegerast vidare i organisasjonen. Kommunedirektøren utarbeider sjølv, innanfor rammene av sitt mynde, reglar og retningsliner for intern delegering og korleis slikt mynde skal utøvast.

Lenke til Aukra kommune sitt delegeringsreglement

Særleg om saker av prinsipiell karakter 

Etter koml. § 13-1 6. ledd kan eit folkevalt organ delegere mynde til å treffe vedtak i saker som ikkje har prinsipiell betydning, viss ikkje kommunestyret har bestemt noko anna. Også ved delegering til andre rettssubjekt er det skilje mellom saker av prinsipiell og ikkje-prinsipiell karakter, jf. koml. § 5-4. 

Kva skal reknast som saker av prinsipiell betyding? 

Ei sak er prinsipiell viss det trengst meir enn ei fagleg og/eller regelbunden vurdering eller handsaming av ho. Kjem ein inn på politiske eller klart skjønnsmessige vurderingar eller prioriteringar, er saka å vurdere som prinsipiell. I vurderinga må ein legge vekt på om like eller liknande saker er prinsipielt handsama, og om det ligg føre instruksar eller tidlegare praksis. Dersom det er tvil om ei sak er prinsipiell, eller dersom det er tvil om korleis ei sak av prinsipiell art skal handsamast i det politiske systemet, har ordførar og kommunedirektøren ansvaret for å avklare dette. Når desse er i tvil kan spørsmålet avgjerast av ordføraren. Eventuelt kan ordføraren leggje spørsmålet fram for politisk leiargruppe, før ordføraren tek avgjerd. 

For alle saker som har vore til slike vurderingar, og der avgjerda har blitt at saka skal handsamast administrativt, skal vedkomande politiske utval få framlagt saka med avgjerd som referatsak i første møte etter at vedtaket er fatta. Dersom ein er i tvil om ei sak er prinsipiell eller ikkje, bør saka handsamast som prinsipiell og dermed politisk. Dei avklaringar som blir gjort gjennom handsaming av slike tvilstilfelle, utviklar ein sedvane, som utfyller reglane i delegeringsreglementet. Det kan lagast eigne regler (vedtekter/ retningslinjer) for handsaming av særskilte sakstypar som går att med jamne mellomrom.

Vurderingar

Det kan som utgangspunkt vere nyttig i sonderinga mellom prinsipiell/ikkje prinsipiell sak å spørje seg om det til grunn for avgjerda trengs meir enn faglege og/eller regelbundne vurderingar. Kjem ein inn på politiske vurderingar eller prioriteringar, er saka å rekne som prinsipiell. I praksis bør saker der det er tvil handsamast som prinsipielle. Vidare er det ein føresetnad at sakshandsamar konfererer med sin overordna/eventuelt kommunedirektøren når det er tvil. 

Publisert: 13.05.2024

Kontakt

Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Mobil 90 08 85 78
Nicolai Støren
Advokat
E-post
Mobil 90 82 38 21

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30