Om arrangementet
Gossen Frilynde Ungdomslag og biblioteket ønskjer velkommen til ein ny kveld med viser og lyrikk. Denne gongen har vi tre dyktige, flotte formidlarar med oss. Ingvild Aas skal dele dikt, Kristine Thomassen og Arnt Inge Torheim står for musikken. Dette gler vi oss til!
Ingvild Aas bur i Molde og er i dag rektor ved Molde kulturskole. Men ho er tidlegare Aukraværing, og har både vore rektor i Aukra kulturskole og leiar for oppvekst- og kulturavdelinga i Aukra kommune. Ingvild er glad i litteratur og i dikt og er ein god formidlar.
Kristine Thomassen frå Julsundet er kultursjef i Molde, men også ho har tidlegare bakgrunn frå Aukra kommune, som leiar av friviligsentralen. Kristine er utdanna songar og har drive med freelancesong heilt sidan tenåra. Ho har etterkvart blitt meir og meir glad i visesong og har ei nydeleg stemme.
Arnt Inge Torheim jobbar i Molde kulturskole. Han er utdanna lærar, har grunnfag i musikk og videreutdanning i musikk og helse. Han har óg studert jazzgitar og klassisk gitar. Sidan tidlig 80-tal har han vore med i ei rekkje band og prosjekt innan rock, pop, jazz og roots/folkemusikk. Han har også vore musikalsk leiar for ulike prosjekter innanfor musikalar, kor og teater.
Gratis og ope for alle, men du må reservere ein billett.
Reserver din fribillett