Våg å være voksen - Føredrag med Helsesista

Dato
5. november 2024
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Aukra kulturhus, Wickssalen

Foredraget «Våg å være voksen» er for foreldra til ungdomsskoleelevane i Aukra kommune. I dette føredraget snakkar ho om korleis foreldra kan gi ungdom tryggleik, korleis dei kan vere eit godt forbilde og korleis dei kan vere ei inspirasjonskjelde for dei unge. Ho gir råd om korleis ein kan møte ungdom med respekt og nysgjerrigheit for å skape ein god relasjon som varar gjennom den turbulente ungdomstida – og vidare i livet.

Tale Maria Krohn Engvik var tilsett som helsesjukepleiar i Oslo kommune i fem år, då ho på tampen av 2016 opna snapchatkontoen «Helsesista». No finn du @Helsesista på dei fleste sosiale plattformar der Tale særleg engasjerer seg for barn og unge, og dei som på ulike måtar slit litt ekstra. Tale jobbar også som føredragshaldar og forfattar, og bidrar i ulike samarbeidsprosjekt som gjere ein forskjell for andre. Tale er blitt tildelt tolv priser for sitt arbeid som Helsesista. Blant dei er «Redd Barnas Rettighetspris» i 2017 og «Tabuprisen» 2018. Sjølv verdset ho høgast meldingar frå ungdom som fortel at dei på grunn av hennar arbeid har våga og be om hjelp.

Sal av kaker før føredraget.

Arrangementet er gratis, men du må reservere fribillettar.

Reserver din fribillett