Sal av tenester

Aukra kulturskole er eit lokalt ressurs- og kompetansesenter og ein samarbeidande aktør i grunnopplæringa og kulturlivet i kommunen.

Prisliste sal av tenester per 01.01.2024

1. Sal av lærar- og dirigenttenester

For større oppdrag der kulturskolen sel ein prosent andel av stillinga til ein lærar/dirigent vert det berekna faktisk årsløn inkl. arb. g. avgift, sos. utg. og reise. 

2. Timebasert avtale

For kortare oppdrag sel kulturskolen teneste til timepris.

Priser timebasert avtaleFritidskulturliv i AukraAnnet i og utenfor Aukra kommune
Dirigent barn og unge5751145
Dirigent voksne6301145
Lærarteneste alle fag.6301145

Musiker/sanger

(podietid)

470

850

 

Akkompagnatør470850

 

For timar etter kl. 17 er det eit tillegg på kr 32 kr/t og for timar laurdag og søndag 53 kr. Arbeid på heilagdagar har eit tillegg på 133 % årsløn berekna per time.

  

3. Lag og organisasjonar

Satsar for kjøp av lærar-/dirigent teneste for frivillige lag og organisasjonar er vedtatt i K-sak 119/15 og er satt til 50% av faktisk kostnad for kjøp av dirigent til barn/unge og 55% for kjøp av dirigentteneste til vaksne. Refusjonsbeløpet kan berre bli endra etter vedtak i Livsløputvalet og kommunestyret.

Kundar utanfor Aukra kommune betalar 100% av kostnaden for tenesta.

4. Arbeidsgjevaransvar og refusjon av utgifter.

Aukra kommune har arbeidsgjevaransvar for lærarane, og sørger for utbetaling av løn, har personalansvar m.m. i høve dette ansvaret. 

5. Avtaletid og faktura

Det vert satt opp ei kontrakt for kvar kunde. For alle tenester som ikkje er enkeltvise

oppdrag, gjeld kontrakt for heile skoleåret. Faktura vert sendt ut to gonger per år.

Refusjon av reise- og diettkostnadar vert sendt ut mot slutten av kvart semester.