Fordjupingstilbodet i kulturskolenFordjupingstilbodKulturskolen sitt fordjupingsprogram er for elevar som er serleg motivert for større undervisningsmengde og meir systematisk eigeninnsats. Tilbod innafor fordjupingsprogrammet gir fagleg fordjuping og kan være innretta mot høgare kunstfagutdanning, eller gi anna fordjuping på elevane sine premissar. Fordjupingstilbodet er tilpassa den enkelte elev, og foregår gejnnom varierte undervisnignsformer individuelt, i grupper, i ensemble og på tvers av fag. I fordjupningsprogrammet er undervisningstimetal og innhald styrka i vesentlig grad. Elevane blir tatt inn etter søknad og evt. opptaksprøve. Det er læraren som rår eleven til å søkje når tida er inne. Vi samarbeider ofte med andre kulturskolar i regionen om tilbodet. Bilete frå pianosamling i Molde (Samarbeid om fordjupingstilbod i Nordmøre og Romsdal) Sist endra 07.10.2024 12.54